Den første skikongen
Eit OL er over, og dagens skikongar er kåra. Denne historia skal handla om den alle første, og kanskje den største av alle store langdistanseløparar på ski. Ein mann dei færraste har høyrt om: Pava Lars Nilsson Tuorda.
Tekst: Remi Moen
Skiløping har lange historiske røter i Norden. Eit av dei eldste bilda vi har av menneske på ski, er helleristingar på Rødøy i Nordland som er over 4000 år gamle. I 2014 dukka det opp over 1300 år gamle ski i ein smeltande isbre i Reinheimen. Når ein skal transportera seg fram gjennom snø utan hjelp frå maskiner (gjerne med ein kongsson i skreppa), er det rett og slett ikkje noko som er meir praktisk og energieffektivt enn å gå på ski.
Historisk sett har ein då også gått på ski for å jakta. Først på midten av 1800-talet starta ein med konkurransar på ski. På slutten av århundret vart skiidrett ein organisert mosjons- og konkurransesport, og dei første skiklubbane vart oppretta. I Noreg, der landskapet er mykje meir kupert enn i Sverige, har statusen gjerne vore på hopprenn, medan svenskane har ein annan tradisjon for langløp på ski.
På midten av 1800-talet var det framleis «kvite flekkar» på kartet, altså stader der ingen (kvit) mann hadde sett sine bein. Særleg i dei polare stroka var det mykje ein ikkje visste. På slutten av 1800-talet var turen komen til Grønland, der danske Lars Dalager var den som til då hadde gått lengst inn på innlandsisen. I 1751 kom han om lag 13 kilometer inn på isen.
Ein visste ikkje om Grønland var ei samanhengande øy, eller om det fanst fruktbart land midt på. Det verserte teoriar om at det gjekk ein fjord tvers gjennom øya, som skulle ha skogar og frodig landskap i midten.
Ein markant forskjell på til dømes dei engelske polekspedisjonane og dei skandinaviske på denne tida, var kor vidt dei tok til seg spesialkunnskap frå folk som budde i polare strok. Britane forstod ikkje poenget med å bruka ski eller hundesledar tilpassa lokale tilhøve, medan skandinavane forskotterte fjellvettregelen om å lytta til erfarne folk.
Sverige i tiden
Sverige var på denne tida ei europeisk stormakt. Ikkje berre hadde dei tuska til seg Noreg frå danskane i 1814, men Sverige var også senter for utvikling av industri. Alfred Nobel hadde patentert dynamitten i 1867, og pengane fløymde inn i den svenske statskassa. Samla sett gjorde dette at det vart mogleg å privatfinansiera ekspedisjonar til ukjende farvatn. Adolf Erik Nordenskiöld sin ekspedisjon til Grønland i 1883 fekk namnet «Den andra Dicksonska Expeditionen till Grönland», etter industrieigar Oscar Dickson, som finansierte turen.
Nordenskiöld er ikkje nokon kven som helst i polarhistoria. I tillegg til ein tidlegare ekspedisjon til Grønland i 1870, var han ekspedisjonsleiar for fem forskingsturar til Svalbard mellom 1858 og 1873. Det som gav han ein framståande plass i polarhistoria var likevel turen med skipet Vega (1878–1880), då han vart førstemann som segla Nordaustpassasjen og viste at det var ein farande veg. Så då Nordenskiöld i 1883 skulle utrusta ein ekspedisjon til Grønland for å kartleggja innlandet på øya, ville han ha med dei beste av dei beste. Det var viktig å ha med dei fremste skiløparane, for eventuelt å kunne senda av garde ein spydspiss-patrulje innover isen.
Pava Lars, Pava-Lásse – eller berre Lars
Det er her Pava Lars Nilsson Tuorda (1847–1911) dukkar opp. Han var ein naturens mann, på denne tida busett i samebyen Tuorpin i Jokkmokk i Sverige. Avstandane i Nord-Sverige er enorme, også i dag, og det er langt mellom folk. Berre Jokkmokk kommune er til dømes over 19 000 kvadratkilometer stor, meir enn åtte gongar større enn Vestfold fylke.
Tuorda var kjent som ein rask og uthaldande skiløpar. Ein blir gjerne det av å driva jakt til fots – eller på ski. Ulvejakt føregjekk på denne tida ved å følgja ulven til denne gjekk tom for krefter, noko som kunne ta sine kilometer. Bjørnejakta vart oftast utført med spyd, som vart rekna som ein sikrare måte enn å bruka flintlåsgevær. Ettersom Tuorda snakka ganske bra svensk, noko som ikkje var så vanleg blant samane på den tida, vart han frå 1860-talet også hyra inn som lokal vegvisar. Som ein del av moderniseringa av Sverige, vart også dei nordlegaste delane av Sverige bokstavleg talt kartlagde på denne tida: Kva fanst av vegar, sjøar, vassdrag, byar og busetnad, og ikkje minst: Korleis kunne ein utnytta dette?
Tuorda var med som berar og kjentmann for kartografane, og hadde også vore berar då franskmannen Charles Rabot som førstemann gjekk opp Sveriges nest høgste fjell, Sarektjåkka, 2089 meter over havet.
Nordenskiöld hadde brevveksla med Henrik Adolf Widmark, som var landshøvding i Norrbotten, tilsvarande ein norsk statsforvaltar, for å få anbefalingar på ekspedisjonsmedlemer til Grønland-ekspedisjonen. Widmark skreiv: «Lars är en ovanligt begåfvad personlighet, han ha ett skarpt förstånd och en nos som få. Jag ha icke träffat på någon, som så bra ha kunnat leta sig fram i töcken och dimma, i ur och skur. Han är derför ovärderlig på resa i fjäll.»
Saman med ein annan same, Anders Pavvasson Rassa, tok Tuorda på seg oppdraget som skiløpar på Grønland-ekspedisjonen. Turen frå Jokkmokk til ekspedisjonsstarten i Göteborg var ei ferd i seg sjølv, med båt og til fots til Foldafjorden på norsk side (nord i Nordland), så båt til Bodø og vidare med dampbåt til Trondheim. Jernbanen var akkurat bygd fram til Trondheim, så dei tok toget til Kristiania, og vidare til Göteborg, der A.E. Nordenskiöld venta på dei med skuta Sofia.
Neste stopp: Grønland
Etter ein stopp på Island var ekspedisjonen i månadsskiftet juni/juli 1883 framme på vestkysten av Grønland. Målet var altså å finna ut om det var grøne dalar og skog i det indre av Grønland, og å gjera vitskaplege observasjonar undervegs.
Med vår tids briller var tilhøvet mellom Nordenskiöld og Tuorda noko merkeleg – og bar kanskje preg av at Nordenskiöld var i ferd med å bli utdatert. Det er ingen tvil om at han hadde djup respekt for samane og deira skiferdigheiter, men han gjorde seg ikkje alltid fortent til den same respekten tilbake. Nordenskiöld hadde til dømes for seg at han kunne setja kurs på isen i form av ein rett strek på kartet. Utan omsyn til terrenget, til bresprekkar, til hellingar og praktiske tilnærmingar. Tuorda fortalde seinare: «…kapten Nilsson befalde på båten, och der hade professorn ingenting att säga.
Professorn åter befalde på land, og der hade kaptenen ingenting att säga. Jag hade gerna sett, om kaptenen fört befälet både på båten och i land.»
Etter kvart fekk Tuorda aksept for sin måte å gjera ting på. Ekspedisjonen måtte gå der det var best å gå, ikkje i ein rett strek: «Huru länge vi vandrade, gaf professoren omsider med sig och lät oss följa hvad väg vi ville. Jag tog på mig ansvaret för att vi icke skulle förlora det rätta strecket. Då det blef lättare att vandra, hunno vi också fortare fram. […] Professorn tog genast fram några instrument och bekräftade efter ett par ögonblick rigtigheten af mina ord. Då blef jag satt til förare af första kälken.»
Utrustninga ekspedisjonen hadde med seg, var lasta på kjelkar. 150 kilo på kvar høgt stabla kjelke, om lag 850 kilo til saman. Dette skulle fraktast på roten sommarsnø som heldt på å smelta, og over stadige is-sørpesjøar. Frå start ved havnivå, og opp på isen i nesten 2000 meters høgde. Med dagar som hadde heile spennet av sommar på Grønland, frå sol som svei vekk all eksponert hud og øydela synet, til dagar med regn som gjorde alt av materiell og klede tungt og vått.
Den 21. juli 1883, på ekspedisjonens 19. dag, og med teltplass på om lag 1500 meters høgde, vart det klart at det ikkje gjekk å koma seg vidare med heile ekspedisjonen. Det gjekk for sakte, det var for mykje is-sørpe, og forsyningane måtte halda til heimvegen også. No var det omsider duka for ein spydspiss-framstøyt i ukjent terreng: Dit ingen mann tidlegare hadde gått, innover for (forhåpentlegvis) å finna grøne dalar og skog!

Foto: Nationmuseum
Nordenskiölds ordre på isen
Tuorda og Rassa vart forsynte med proviant: brød, sardinar, corned beef, smør, ost, konjakk, sigarar og tobakk. Samt kompass, barometer og eit lommeur. Og ikkje minst – eit oppdrag frå ekspedisjonsleiar Nordenskiöld. Gjeve skriftleg, overlevert personleg og seinare sitert i boka til Nordenskiöld:
«Order för Lars och Anders under deras skidfärd på inlandsisen.
Lars och Anders gå med skidor öster ut, dock så, att de, om de så anse skäligt, få förändra kursen något mot norr eller söder. Vid slutet af hvar tredje mil upptecknas barometern och den kurs, som tagits. Bortovaron beräknas till fyra dagar, men vi invänta dem här i sex. Efter denna tid, eller lördagen den 28 juli på morgonen, måste vi vända. I så fall qvarlemnas här på en kälke proviant, sprit, madrasser, sofsäckar samt hö. Lars varnas att vara för djerf. Om land nås, tages af blommor och gräs i hast hvad som kan fås, ett eller par stånd av hvarje blomma eller gräs.
Inlandsisen den 21 juli 1883 – A. E. Nordenskiöld.»
Etter 57 timar returnerte dei to skikunnige samane til teltplassen. Dei kunne rapportera om godt skiføre så snart dei kom litt høgare opp i terrenget, men ikkje spor av grøne dalar så langt dei kunne sjå. Og dei hadde vore langt inne på isen: 21 svenske mil, noko som tilsvarer om lag 230 kilometer (metersystemet ikkje vart endeleg innført i Sverige før i 1889), og nesten 2000 meter over havet. Frå den siste teltplassen til ekspedisjonen hadde isen endra seg ganske raskt og gått over til tung skare med mykje kornsnø og is. Dette gjorde at det vart vanskeleg for dei to skiløparane å finna vatn på den tusen meter tjukke isbreen, og dei måtte difor, ironisk nok, snu og dra tilbake på grunn av mangel på drikkevatn. På 57 timar, utan søvn, gjekk dei altså smått utrulege 460 kilometer på ski.
Og, kanskje viktigast: Dei såg ikkje noko anna enn is og snø. Det var ingen grøn dal i Grønlands indre.
Tilbake i Sverige
Kva sat Nordenskiöld igjen med etter ekspedisjonen? Ein del algar, steinprøver og liknande, men elles var Grønlands indre berre is og atter is. Det som kanskje hadde vore mest imponerande, var kor langt inne på isen Tuorda og Rassa hadde kome seg: 68° 32′ nord, og 42° 51′ vest av Greenwich. Det er ganske nøyaktig midt på Grønland.
Var det eigentleg mogleg …? Å gå så langt på ski, javel, men på så kort tid? Og var ikkje desse samane eigentleg ein gjeng som ikkje var heilt til å stola på? Debatten gjekk, og æra og ryktet til Sveriges største polarhelt stod i fare. Kong Oscar II tvilte ikkje på ekspedisjonsmedlemene. For han var det viktig å få stadfest bragdene til sitt svenske folk, så han gjekk god for ekspedisjonens resultat. I november 1883, fekk han difor, via presten Johan Laestadius i Jokkmokk, overrekt ein kongeleg sølvmedalje til dei to samane Tuorda og Rassa som beløning.
Dette var likevel ikkje nok for Dickson, han som finansierte ekspedisjonen, og Nordenskiöld. Deira ære stod på spel, og det hasta. Nordenskiöld skreiv difor brev til landshøvding Widmark, han som hadde tilrådd dei to samane til ekspedisjonen, og bad han om å setja opp eit skiløp og invitere alle dei fremste skiløparane. Ettersom det var viktig for Nordenskiöld å få med sine ekspedisjonsdeltakarar i løpet, måtte det gå i Jokkmokk.

Frå Jokkmokk til Kvikkjokk – og tilbake
Og det vart lagt opp til at her skulle ein gå langt: 10,3 svenske mil, eller 110 kilometer, langs sjøane. Og ikkje nok med det: Ein skulle gå tilbake også. Til saman 220 kilometer.
Det vart også sett opp pengepremiar på opp mot 50 000 svenske kroner i dagens verdi til både førstemann til Kvikkjokk (halvvegs) og alle som kom i mål. I eit samfunn der ein var fattige på pengar, var dette noko som gav ekstra motivasjon.
Utstyret på denne tida var ei soge for seg: Uansett om det var skogsski, jaktski, andnurski (sparkeski) eller breiski, var det treski som gjaldt. Til langløp skulle dei helst vera av gran eller furu. Samanlikna med i dag, var skia betydeleg lengre – opp mot tre meter lange. Det fanst mange ulike storleikar, både lengde og breidde, avhengig av bruksområda og snøen, men vekta var to–tre gongar tyngre enn skia vi brukar i dag. Samane var dessutan pionerar i stavbruk: Medan nordmenn og svenskar gjerne brukte berre ein stav, brukte samane to: Ein stav (av bjørk) i kvar hand, med variabelt handgrep for ulikt terreng.
Nordenskiöldsloppet 1884
Klokka 18.00 den 3. april 1884 stod 18 mann på startstreken i Jokkmokk. Nokre av dei hadde alt lagt bak seg ein lang tur for å delta i løpet. Til dømes hadde Apmut Ahrman frå Peurare gått over åtte mil for å koma til start, og etter løpet gjekk han åtte mil på ski heim igjen for å dra på bjørnejakt.
Gløym preparerte løyper. Gløym spor. Gløym drikkebelte, gels og proteinbars. Gløym pannelykt. 18 menn mot øydemarka, med måneskin som einaste lys store deler av tida. I starten var føret var tungt og tempoet nokså moderat. Skiløparane gjekk gjennom den mjuke snøen, og etter 20 kilometer med blodslit gav dei første fem seg, totalt utmatta. Men rundt klokka 21.00 fraus det på såpass at det vart skareføre (sabekguottát) utover natta. Og då gjekk også farta opp noko valdsamt. Lensmann Westerlund, som hadde hest og slede og fungerte som drikkestasjon, vart rett og slett frågått. For dei 13 som no var igjen, var utfordringa både mangel på drikke, men også å finna fram. Mellom sjøane er det mykje myr og kupert terreng, du må over eit par større åskammar for å finna fram til neste sjø. Det var først i 03-tida på morgonen at det byrja lysna såpass at det vart betre å sjå kvar ein gjekk.
Halvvegs, og eit utbrytarforsøk
Ved Kvikkjokk, halvvegs i løpet, var dei no elleve mann igjen. Teten bestod no av Pava Lars Nilsson Tuorda, Per-Olof Ländta, Apmut Ahrmann og Anders Katison. Den logistiske støtteapparatfunksjonen, om ein kan bruka eit slikt uttrykk, hang framleis ikkje heilt med: Middagen som skulle vera klar til utøvarane kom fram – kokt reinkjøtt med buljong – var ikkje klar. Løparane fylte på med kaffi og tobakk, og ifølgje nokre kjelder: konjakk. Dei hadde vore samde seg i mellom om å starta på returen samtidig, slik at dei fekk i seg mat først.
Men, akk! Om det var utsiktene til prispengar eller kva veit ein ikkje heilt, men Per-Olof Länta droppa middagen, sneik seg ut, spende på seg skia og stakk. Det gjekk eit kvarter før dei andre oppdaga dette, og då vart det rett og slett dårleg stemning.
«’Saatan! Han håller inte ord! Vi hade en överenskommelse! Han har förfalske oss!’ röt Pava till en lika upprörd Apmut Ahrman där de satt i prästgården tilsammans med alla andra när de upptäckte Läntas frånvaro. ‘Inte satan ska han tro att han kommer undan! Nu blir det till att ränna!’» svor Pava, ifølgje Olle Backmans bok. No vart det eit intenst kappløp fram til mål. Pava vart som skiløpar skildra som ein häkka gähtjáj, ein person som går til han stuper.
Ved Granudden, med om lag fem mil igjen, var dei atter samla, og no var det seks mann igjen i feltet. Det hadde blitt lys dag, og sola tok igjen hardt på snøen. Skia gjekk gjennom snøen, alle var stuptrøytte og slitne, men Tuorda og Länta sleit seg laus frå dei andre. Side ved side prøvde dei å slita ut kvarandre, men til inga nytte. Det gjekk mot spurtduell, etter 220 kilometer!
Fem sekund skilde dei to. Fem sekund! Etter 21 timar og 22 minutt på ski. Ein drope i havet. Men ein viktig drope, ikkje minst for Nordenskiöld, som fekk «sin» ekspedisjonsløpar som vinnar. For Tuorda kom først! Etter dette kunne ingen tvila på at ekspedisjonen til Nordenskiöld hadde vore midt på Grønland, og den ekspedisjonsfaglege integriteten var tatt hand om!
Det er vanskeleg å skulle rangera ein slik prestasjon som denne, sett med dagens auge. Apmut Ahrman, som vart nummer tre i løpet, sa om det fysiske undervegs at: «Händren blev nästan som flått på insida. Ja svettese sedan int på hela tre år; all svett var presse uta kroppen.»
Ein ekstrem fysisk prestasjon var det, og ikkje minst bana den vegen for vidare polare ekspedisjonar: Fridtjof Nansen var sommaren 1882 på seljakt ved Aust-Grønland med selfangstskuta Viking. Året etter fekk han høyra om Nordenskiölds forsøk på å kryssa Grønland, og seinare om Tuorda og Rassa sine langløpsbragder. Han vart sterkt inspirert av dette, og utstyrte ein ski-ekspedisjon over Grønland i 1888–1889. På denne ferda var også dei norske samane Samuel Balto (27) og Ole Nilsen Ravna (46) med som deltakarar. Dei polare ekspedisjonane vart svært viktige for sjølvbiletet til den unge nasjonen Noreg.
Pava Lars Nilsson Tuorda var ein mann av si tid –ei tid som ikkje lenger finst. Som førebilete for ein samisk minoritet var han også med å bana vegen for å gje byrgskap og styrke til eit heilt folk. Men kanskje aller mest var han med på å gjera langrenn, langløp på ski, til ein eigen idrett. Han står framleis igjen som kanskje den største av dei alle, sjølv om nesten ingen veit kven han var.
Kjelder: «Den andra Dicksonska Expeditionen till Grönland» (F. & G. Beijers Förlag, 1885) av Adolf Erik Nordenskiöld; «Pava Lars Nilsson Tuorda – en samisk hjälte» (Visto förlag, 2021) av Olle Backmann, «Swedish Arctic and Antarctic Explorations 1758–1910» (Almqvist & Wiksell, 1910) av J.M. Hulth; nordenskioldsloppet.se; polarhistorie.no.
[FAKTA]

Foto: Otto Kjellström / Alvin
Pava Lars Nilsson Tuorda
- Fødd 25. desember 1847 i Tuorpon sameby.
- Svensk skiløpar, reingjetar, bjørnejeger, kjentmann og polfarar.
- Var med på Nordenskiölds Grønlandsekspedisjon i 1883 som skiløpar.
- Vann det første Nordenskiöldsloppet på ski, 220 kilometer frå Jokkmokk til Kvikkjokk og attende.
- Døydde 4. april 1911.
Nordenskiöldsloppet
- Nordenskiöldsloppet er i dag verdas lengste skirenn.
- Til minne om Pava Lars Nilsson Tuorda får alle som fullfører det 220 kilometer lange løpet på kortare tid enn vinnartida frå 1884, 21 timar og 22 minutt, medaljen med ansiktet hans som motiv.
- Og dei som har lese historia og går løpet som ein tur, tar seg for tradisjonens skuld ein konjakk halvvegs.
Artikkelen sto på trykk i =Oslo nr. 3/2026.