Dei usynlege norske barna
I landet vårt veks det opp norske statsborgarar som lever fastlåste liv på asylmottak. Før var dei ikkje synlege i offisiell statistikk, no er statistikken til UDI feil. Kven er desse barna, kvifor bur dei på mottak og er det eigentleg nokon som bryr seg?
Interessa for desse usynlege barna i Noreg, vakna då eg vart kjend med to småjenter. Dei hadde norske pass, men budde på asylmottak. Barn som har fått norsk statsborgarskap gjennom norsk far, der mor ikkje har opphaldsløyve i landet, endar ofte opp i asylmottak saman med mor. Over fleire år. Nokre forsvinn; ut av asylmottak og ut av landet.
Gradering av statsborgarskap?
Eg var nysgjerrig på om det var mange norske barn på mottak. Søk i statistikken til Utlendingsdirektoratet (UDI), «beboere i asylmottak etter statsborgerskap», avslørte at Noreg ikkje var synleg i offisiell statistikk. Eg skreiv om desse usynlege barna i ein kronikk i Dag og Tid. TV 2 løfta saka opp på nasjonalt nivå. Politikarar og ulike organisasjonar reagerte. Dei meinte det var forkasteleg at norske barn hadde slike usikre oppvekstvilkår, så ulikt andre norske barn.
Tilfreds kunne eg konstatera at UDI inkluderte Noreg i statistikken. Våren 2018 var det synleg for alle at det budde 28 barn med norsk statsborgarskap på asylmottak. No når dei var blitt synlege i statistikken og samfunnsdebatten, ville kanskje nokre politikarar ta tak i situasjonen.
Frå usynleg til underrapportert
Så vart det stille. Eit par år etter sjekkar eg statistikken på nytt. Talet har auka til 34. Eg blir nysgjerrig på desse barna. Interessa blir gjort til eit prosjekt i journalistnettverket Norpublica, støtta av Fritt Ord. Målet er å finna så mange som mogeleg av desse barna for at samfunnet skal bli merksam på dei. UDI vil ikkje gje oss informasjon om kva mottak dei bur på. Me startar med blanke ark, kontaktar alle mottak der det kan bu familiar. Nokre mottak er hjelpsame, andre ikkje.
Takka vera opparbeidd nettverk i asylmiljø dei siste ti åra, var det mange som hjelpte til i jakta på dei norske statsborgarane. Det var då me oppdaga at statistikken til UDI ikkje stemte med tala me fann. Januar 2020 var det registrert 34 norske barn på mottak; deretter har det blitt færre og færre. I den offisielle statistikken til UDI står det no 12 barn, men me hadde funne minst 17 i vår kontakt med mødrer på asylmottak. Etter spørjerunde og purring erkjenner UDI at tala i den offisielle statistikken er feil. «Systemfeil som kan ta tid å rette opp». Det korrekte talet i mai 2021 skal vera 21 barn.
Mor må ut av landet
Barna dette gjeld, er for småe til å krevja sin rett. Fleire av dei har fått gode venner i barnehagen, men kvar gong eit mottak blir lagt ned, blir familiane flytta. Til andre delar av landet. Og må starta heilt på nytt. Med ei mor som kjenner lite til norsk språk og liv. Me får eit innblikk i den håplause situasjonen gjennom møte med mødrer som bur på mottak og fedrar som er blitt ein del av det norske arbeidslivet.
Eit eksempel er tobarnsmora som er utvist frå landet. Etter fleire avslag har ho vedtak på at ho må ut av landet for minst to år – før ho kan søkja familiesameining med eigne barn. Ho må attende til det landet ho flykta frå eller eit anna land for å kunna levera inn søknad på ein norsk utanriksstasjon. Det kostar i dag 10 500 kroner å få søknaden vurdert av UDI. Deretter kan det ta eit par år før ho får svar. Då har det gått fire år sidan ho reiste frå familien. Og svaret kan bli negativt. Eit liv saman med barna er då tapt for mange år, i verste fall for alltid. Far sa opp ein god jobb annan stad i landet, for å vera nær familien. Då mottaket vart lagt ned fekk han endra arbeidstid til nattskift, slik at han kan ha fleire fridagar i strekk for å besøka familien som vart flytta til eit mottak lenger unna.
David mot Goliat
Det er mange lagnader som syner kor vanskeleg start desse norske barna får. Me har snakka med foreldre til to søner. Den eldste er fem år, og skal snart byrja i skulen. Mor har fleire gonger søkt om opphald i Noreg, og fått avslag av UDI og UNE (ankeinstansen Utlendingsnemnda). I 2019 vann kvinna fram i Oslo tingrett, men UNE anka domen og gjekk sigrande ut av Borgarting lagmannsrett.
Ei bekymra mor sit att med ei rekning på rundt 150 000 kroner med betalingsfrist på to veker. I tillegg til eit vedtak om at ho skal ut av landet. Barna kan vera att i landet med far, eller ho kan ta dei med seg til Etiopia, som no er prega av uro og konflikt.
Fleire av kvinnene vegrar seg frå å flytta ut av mottak og saman med fedrane til barna fordi dei fryktar at saka deira vil bli avslutta utan moglegheit for å retta opp status til lovleg opphald. Dei fryktar også at dei vil mista foreldreretten til barna, eller at barnevernet vil overta dei.
Erna vil ha fleire barn
Kva kan vera løysinga på denne fastlåste situasjonen? Noreg treng folk. Distrikta treng folk. Løysinga er enkel. Få desse norske barna med mødrene ut av systemet og inn i det norske samfunnslivet.
Eit stort steg i rett retning vil vera at mødrene kan søkja om familiesameining med barna medan dei er i landet. Statsminister Erna Solberg har oppmoda innbyggjarane i landet å produsera fleire barn. Som statsminister for alle norske statsborgarar kan ho retta søkjelyset mot denne gruppa, og gjera ein innsats for å jamna ut skilnadane mellom norske barn som alt er fødde.
Eller har Noreg statsborgarskap med ulik verdi?
Fakta
Barn fødd 1. september 2006 eller seinare, og som har anten norsk mor eller far, blir automatisk norsk statsborgar. Det gjeld uansett om dei er fødde i Noreg eller i utlandet, og uansett om foreldra er gifte eller ikkje.
Kjelde: udi.no