-
Slik er livet i det norske venterommet
Flyet har tatt bakken på OSL. Du går mot passkontrollen. Nikket bak glaset, det svake smilet over uniformssnippen, signaliserer: «Alt ok. Passér». Det meste går bra for oss norske. For andre kan møtet med det nye landet ende direkte i glattcella på Gardermoen. Det andre møtet også. Og det tredje. Spør Dawit. No har han flytta til venterommet. Dette er historia om Hadas Tesfazion og Dawit Weldegergs. Eit ektepar i 40-åra som mest av alt ønskjer fred og harmoni i liva sine. Dei vil skape seg ein heim og familie i bustaden dei eig saman, i bydel Østensjø i Oslo. Det er også forteljinga om meg, Oddrun Midtbø. Ein frilansjournalist…